torsdag 4. desember 2008

Tunfiskpita

Her om dagen kjøpte vi eit par boksar tunfisk, sånn på impuls. Då vi kom heimatt undra vi på kva ein kan lage av slikt. Det vi kom fram til var ein liten parafrase av noko vi smakte på Bare Jazz på grensen i Oslo.

In gredi ensar

- Pitabrød
- Ein eller to boksar tunfisk
- Ein avocado
- Soltørka tomat
- Ein liten dæsj sitronsaft
- Cherrytomat, salat og eventuelt andre salat-ting

Mos avocado og bland med tunfisk, små bitar av soltørka tomat, og sitron. Smør dette inni eine sida av eit oppvarma pitabrød, og trykk inn salatblandinga. Tada.

Og vips - ein framifrå middag. Eller lønsj.

torsdag 29. mai 2008

Andreasmiddag - no med bilete!

Quiche med kylling

Paideig

Dobbelt så mykje mjøl som smør. 150 gram smør til 28 cm lav form, til dømes. Og litt salt (etter smak). To eller tre ss vatn, så deigen festar seg til seg sjølv.

Fyll

- Kyllingfilet i høveleg store bitar
- Squash 1/2
- Aubergine 1/2
- Ein løk
- Sopp
- Tomat, utan innmat. Det blir så mykje vatn.
- 4 egg
- Melk
- Litt fløyte
- Kvitlauk etter smak. Vi nytta tre fedd.
- Raspa ost
- Salt og pepar
- Fersk basilikum

I kjøkenmaskin eller foodprofessor, køyrer du mjøl og smør til det smuldrar opp. Tilsett vatn så du får ei fast deig. Hvis du ikkje har ei fancy schmancy maskin, så del smøret opp i mindre bitar. Pass på at det er mjukt (ta det ut av kjøleskapet ein liten time i forkant, feks). Så må du elte det godt.

Steik kyllingfileten i tørka basilikum, salt og pepar og litt olje. Sett til side når dette har fått fin steikeskorpe. Fres lauken og hiv oppi resten av grønsakene etterpå og rør medan det steikast.

Paideigen trykkast ut i forma og forsteik til den er fast og fin i "fisken." Den må ikkje vere for tynn, sidan den kjem til å krympe. Heller ikkje for mange skøytar og lappar.

Bland egg, melk, fløte og ost saman med krydder. Fyll den forstekte paien med kjøtt og grønsaker og hell eggblandinga over heile sulamitten. Pass på at det blir litt avstand opp til kanten, ellers kan det bli flom.

Quichen må stå i ca en halv time eller til den er gylden oppå, på ca 150 - 175 grader. Pynt den med blad av frisk basilikum.

torsdag 22. mai 2008

Pannekaker à la oldefar.

4 egg
4 ss sukker
2 ts vaniljesukker
1 l mjølk
mjøl til passe tjukk røre. (Om lag som krema blomkålsuppe)
litt salt (ca 1/2 ts)

Rør saman egg og sukker.
Ha i vaniljesukker og mjølk.
Rør inn mjøl.

Om du et røra stå 15-30 min vil evt klumpar ha løyst seg opp og røra bli litt tjukkare, men du kan godt steike pannekakene med ein gong.

Ha ein dæsj margarin i panna før du steiker så dei ikkje set seg fast.

Om du vil ha bacon til kan du steike det først og røre inn fettet som blir att i steikepanna i røra, men fett er ellers ikkje naudsynt.



4 egg pr 1 liter mjølk. Husk det. Om du vil ha mindre røre lagar du berre mindre i ca forhold til kvarandre. Det er ein fordel om egga er litt store. Røra blir betre då. (Eg plar forresten berre å tøme rett frå posen/e.l opp i røra. Å vere pinleg nøyaktig er vekkasta tid. Alle mål er ca, men ikkje overdriv... :p)

søndag 2. mars 2008

Wok med laks og shit.

Eit stykke passe stor laksebit
Green stuff

Marinade
Ingefær En del
Kvitlauk Passe
Chilipasta Passe
Soyasaus En god dæsj
Østerssaus En minst like god dæsj
Nøytral olje Litt
Limeskal Av ein heil lime


Mariner fisken ein time eller to. Steik den og legg den over på eit fat. Wok grønsaker etter eige ynskje. Når dei er høveleg ferdige har du over resten av marinaden, kanskje litt sesamfrø og legg fisken på toppen så den får varme seg litt att.
Server når du meiner det er på tide.
Det er ikkje spesielt dumt å ha ris til.

mandag 3. desember 2007

Nammenammenamm!

Sundagsmiddag.
Fisk.

Når restemiddag er kjempegodt, er det stor sjanse for at middagen òg var god. Eller som Andreas så fint seier : "Når restemiddag i det heile tatt blir spist."
Så, her er oppskrifta på fisk med late-som-indisk-saus og ris.


Høveleg mengde fisk
3 fedd kvitlauk
Ein halv lauk
3 toppa teskjeier garam masala
1 toppa teskjei paprikapulver
1 lita teskjei kardemomme
1 lita teskjei sambal oelek
1 teskjei curry-pasta
Salt
Litt pepar
Ein boks kokosmjølk
Brokoli etter ynskje.


Hakk kvitlauk og lauk. Bland saman med krydder og kokosmjølk. Smak til med salt og pepar.

Nytt ei ildfast form. Om du legg i fisken først blir den kokt i sausen. Om du legg brokoli under fisken vert den dampa.
Dekk forma med aluminiumsfolie og set det heile i omnen på ca 170-200 grader, til fisken er ferdig.

Kok ris i buljongvatn. I går vart det nytta grønsaksbuljong.

Sjølvsagt kan du ha fleir 0g/eller andre grønsaker i. Vi hadde squash i kjøleskapet, og dermed vart den nytta.

Reven gulrot til kan òg anbefalast.




Til dessert:
Tropisk frukt i sukkerlake med is.

By default vart det ei halv appelsin, ein banan og ein mango.
Skjerast i høveleg store bitar. Kok opp ca 1,5 dl vatn med like mykje sukker og litt honning (2ts). Ha i frukta så den blir varm. Server så raskt som råd.

onsdag 3. oktober 2007

Middag medan Liv Marie var på vitjing.

Eg er for å omnsbake middag. Det er i det heile særs praktisk og lagar seg om lag heilt av seg sjølv.
Laks er fint. Og det er godt med tomatsaus.


Fire laksestykker
Eg nytta findus sin med sitronpeparmarinade. Eg veit ikkje om eg kjem til å nytte den fleire gongar.

Grønsaker av eget val i høveleg store bitar. (T.d. purrelauk, minimais, gulrot, brokoli, osb.)

Tomatsaus
Ein halv boks godt mosa tomat med kvitlauk
Ei lita skei Sambal Oelek
Salt
Nokre soltørka tomatar i bitar
Ein dæsj av oljen som dei soltørka tomatane låg i.

Om ynskjeleg litt reker.


Aluminiumsfolie -> Omn - varm -> Til det er ferdig.


Pasta er fint til.

Kva Ragnhild et åt til middag.

I dag har eg hatt Ragnhild på vitjing. Andreas var ikkje heime. Synd for han, for det var god middag.


Omnsbaka kylling med pesto.

3 kyllingfiletar
1/2 purre
2 gulrøter
Ein liten chili
Litt paprika
Litt soltørka tomat.


Skjær grønsakene i høvelege bitar og legg dei på eit stykke aluminiumsfolie. Dette må vere så stort at du kan pakke inn maten. Legg kyllingfiletane på toppen av det heile. Smør det inn med pesto.
Eg brukte pesto frå glas som eg blanda ut med olivenolje og minced garlic, most kvitlauk på glas.

Steik det heile i omnen på varmt til det er ferdig.

Ved nærare ettertanke er det sikkert bra med brokoli og eit lite dryss parmesan på toppen. Og kanskje litt salt og pepar. Men det får bli ein annan gong.


Eg laga litt meir mat enn vi strengt talt trengte, litt fordi tre samanfryste kyllingfiletar er vanskelege å få frå kvarandre før dei har tina og litt fordi Andreas spurde fint om han kunne få smake når han kom heim. Så no står der ein boks med restar i kjøleskåpet.